(1890 - 1969)
12. januar 2019 kl.16:00
Galleri Athéne

Ingrid Vetlesen, sopran
Monica Tomescu-Rohde, piano
 Pauline Margrethe Hall blei født 2. august 1890, inn i ein apotekarfamilie på Hamar. Når ho seinare i livet skildra barndomen, la ho vekt på at ho var omgitt av musikk. Mora spelte klaver og faren var ein ivrig amatørcellist som ”gjorde meget for å vekke sansen for musikk i Kabelvåg”.  Frå åra i Lofoten fortel Hall òg at ho lærte seg notar sjølv og øvde særleg flittig i mørketida. Om sommaren fekk barna ”tumle som vi ville både på sjøen og i ’haugene’”. Her var ho dessutan på barneball og fekk det første skilsetjande møtet med teater: ho var ”sånn en åtte år” og fekk mast seg til å bli med mora på Et dukkehjem.
På Hamar heldt ho fram med musikk – ho spelte piano – og teater. Frå ho starta på katedralskolen som 14-åring var Pauline aktiv i gymnassamfunnet Fram. Ho var ofte referent frå møta, som stort sett bestod av eit føredrag om eit aktuelt tema, diskusjon og val av tema til neste gong, pluss høgtlesing av skuleavisa, der Hall i periodar var eit frittalande medlem av redaksjonen. I tillegg blei gjerne eit dikt eller ei novelle deklamert, Pauline bidrog i oktober 1904 med skrøna ”En national industriridder” frå Harald Meltzers Politinotitser . 
I hovudstaden hadde Hall i 1908 fått studieplass på universitetet, men ser ikkje ut til å ha brukt denne. I staden blei det klaverstudium med Mariane Evensen og Johan Backer-Lunde og sidan komposisjon med Catharinus Elling.
I 1910 arrangerte Hall den første konserten med eigne komposisjonar på programmet, i Tromsø. I april 1916 arrangerte Hall ein halvoffentleg konsert i Musik- lærerforeningen i Kristiania med eigne verk på programmet.  Denne får hyggelege omtalar i Dagbladet og Musikbladet. Førstnemnde avis karakteriserer Hall som eit ” allerede kjendt navn, som oftere har forekommet paa konsertprogrammene i den senere tid”, mens sistnemnde skriv om ”et hittil saagodsom ukjendt Komponistnavn Pauline Hall” .
Etter debutkonserten i mars 1917 blir verka hennar framførte på fleire konsertar. Pauline Halls veg inn på repertoaret til Filharmonisk Selskaps orkester gjekk via tiltaket De unges konsert. 
I mai 1932 er det premiere på det som skulle bli hennar opus 5, mannskorverket Smeden og Bageren . For verket får Hall Universitetes musikkstipendium – som med det for første gong i historia går til ei kvinne – og kritikarane er jamt over begeistra for Halls humor, karakteriseringskunst og evne til å gi form til diktet. 
Etter krigen heldt […] Pauline Hall fram i Dagbladet […]som musikkritikar .
Hall skreiv ikkje lite musikk etter 1935, men ho skreiv musikk til teater, til film, til NRK og til ballett. Innan desse felta var ho langt frå i bakevja. Ho samarbeidde med ei rad nytenkande iscenesetjarar og var med på å utvikle teatermusikken som ein integrert del av uttrykket i eit drama. Ho møtte ny teknologi med eit ope sinn og var med på å setje aktuelle tema på dagsordenen via scener og filmlerret. 

Kilde: 
Astrid Kvalbein, Musikalsk modernisering: Pauline Hall (1890-1969) som komponist, teatermenneske og Ny Musikk-leiar,2013. 

You may also like

Back to Top